17. mai sanger – Samling av sanger som passer til 17. mai

Mellom bakker og berg

Mellom bakkar og berg ut med havet
heve nordmannen fenge sin heim,
der han sjølv heve tuftene grave
og sett sjølv sine hus oppå deim.

Han såg ut på dei steinute strender;
der var ingen som der hadde bygd.
«Lat oss rydja og byggja oss grender,
og så eiga me rudningen trygt»

Han såg ut på det bårute havet,
der var ruskut å leggja utpå,
men der leikade fisk nedi kavet,
og den leiken, den ville han sjå.

Fram på vinteren stundom han tenkte:
«Gjev eg var i eit varmare land!»
Men når vårsol i bakkane blenkte,
fekk han hug til si heimlege strand.

Og når liane grønkar som hagar,
når det lavar av blomar på strå,
og når netter er ljose som dagar,
kan han ingen stad venare sjå.

Sud om havet han stundom laut skrida:
Der var rikdom på benkjer og bord,
men ikring såg han trelldomen kvida
og så vende han atter mot nord.

Lat no andre om storleiken kivast,
lat deim bragla med rikdom og høgd,
mellom kaksar eg inkje kan trivast,
mellom jamningar helst er eg nøgd.

Tekst: Ivar Aasen
Melodi: L.M. Lindeman

Flere 17. mai sanger:

No livnar det i lundar

Ja, vi elsker dette landet

17. mai-sang (Tenk at nå er dagen her)

Vi ere en nasjon, vi med

Mellom bakker og berg

Gud signe vårt dyre fedreland

Kongesangen/ Gud sign vår konge god

Se også det flotte utvalget av blomster til nasjonaldagen hos Euroflorist.no.